For å kjøpe billettar til Det Norske Teatret via heimesidene våre, må du vere registrert som brukar.
Personopplysningar du gir oss blir handsama i tråd med GDPR og gjeldande norsk lov om personvern og innsynsrett. Du redigerer sjølv opplysningane.
Kjøpet er gjennomført når betalinga er registrert. Du får da ei stadfesting på skjermen og i løpet av få minutt får du ei kvittering også på e-post. Det er ikkje naudsynt å skrive ut billettane.
Det er berre mogleg å kjøpe billettar til våre framsyningar via vår billettluke eller detnorsketeatret.no.
Det Norske Teatret nyttar programmet Tixly til å selje billettar. Sjølve betalingstransaksjonen blir handsama av betalingsleverandøren Nets Easy. Opplysningane dine blir krypterte ved hjelp av SSL (Secure Sockets Layer) og 3D-Secure og følgjer bankanes krav til tryggleik. Du kan bruke VISA, Eurocard/MasterCard, Vipps og teaterets eige gåvekort.
Kjøpte billettar blir berre refunderte ved avlysing eller endringar i speleplanen. Vi refunderer ikkje reise, opphald mm. Angreretten ved fjernsal og kjøp utanom fast utsalsstad gjeld ikkje for teaterbillettar (jf. angrerettslova § 22.)
Angreretten på 14 dagar frå kjøpsdato gjeld derimot på gåvekort som er kjøpt på nettet, jf. angrerettslova paragraf 21.
Du kan byte billettar mot eit transaksjonsgebyr på kr 100. Billettar må bytast seinast dagen før framsyninga, innanfor billettlukas opningstid, og du kan byte til ein annan dato eller til eit gåvekort. Ring billettluka for å byte billettane dine - du når oss på 22 42 43 44.
Kjøper du billettar i julegåve, er det ikkje bytegebyr i januar.
Dersom du har kjøpt billettar til rabattert pris i eit tidsavgrensa tilbod, kan du dessverre ikkje byte til billettar med rabattert pris til andre datoar.
Har du mista billetten din, kan vi finne han igjen så lenge du har registrert kven som har kjøpt han med namn og/eller telefonnummer. Har du kjøpt på nettsida vår kan du logge deg inn på Mi side og finne bestillinga di der.
Prisar og evt. rabattar vil liggje tilgjengeleg under kvar framsyning. Du er sjølv ansvarleg for å velje riktige rabattar når du kjøper billettar. Vi refunderer dessverre ikkje mellomlegg om du har kjøpt billettar med feil pris.
Billettar blir kontrollerte ved inngangen til framsyninga, og dørene stenger presis.
Er billettar kjøpt med personavhengig rabatt (t.d. student, honnør eller ulike former for medlemskap) skal gyldig legitimasjon bli vist saman med billetten ved inngangen til salen. Utan slik legitimering må ein betale mellomlegg til full pris i billettluka.
Nettsalet til Det Norske Teatret følgjer dei til kvar tid gjeldande reglane og norsk lov om personvern. Vi lagrar ikkje sensitive opplysningar, berre informasjon som er relevant for å oppfylle pliktene våre overfor deg som vår kunde.
Lov 2000-04-14 nr. 31: personopplysningslova: Kap III 18 gir deg rett til innsyn i dei opplysningane vi har lagra om deg. Kontakt oss på hei@detnorsketeatret.no dersom du ønskjer innsyn i våre opplysningar om deg. Les meir om personvernerklæringa vår her.